– med spreke elbilar frå eMobility!
Utforsk Ålesund på eiga hand
Velkomen til ein ny, grøn og morosam måte å oppleve Ålesund på – med vind i håret, historier på øyret og fridom til å utforske i ditt eige tempo!
Rull gjennom dei sjarmerande bygatene, opp til byfjellet Aksla og vidare til Atlanterhavsparken, medan GPS-guiden i bilen fortel historier og tek deg tettare på Ålesund.
Du får ei oppleving utanom det vanlege i denne vesle farkosten – verken heilt bil eller motorsykkel, men noko heilt for seg sjølv.
Med denne kjem du deg fram mange stader der store bilar og bussar ikkje får tilgang – det er verd eit smil, det òg!
Bilane vi brukar
Du køyrer ein Renault Twizy – ein «urban tosetar» som er skapt for å utforske den vakre jugendbyen.
Den opne kupeen gir deg sjøluft i andletet, utsikt til fjell og hav – og kjensla av å vere midt i opplevinga. Sidan bilen er litt spesiell, med to sitjeplassar etter kvarandre, er han heilt perfekt for å dele naturinntrykka med ein god ven.
Bilen er 100 prosent elektrisk, med eit batteri som har nok kraft til å ta deg med på rutene vi har lagt opp for deg. Han er enkel å køyre, tek liten plass og er lett å parkere. Han er også hundre prosent trygg, med trepunkts setebelte og airbag.
På tur med bilen som fortel
Å utforske Ålesundsområdet i ein av elbilane våre er som å reise saman med ein lokal ven. Undervegs fortel GPS-guiden historier om stadene du passerer, deler tips og viser deg dei beste plassane å stoppe. Du bestemmer tempoet sjølv – vi sørgjer for forteljingane.
Stopp når du vil, nyt utsikta litt lenger eller ta ein avstikkar undervegs. Opplevinga ventar på deg langs vegen.
Vi har audioguidar på norsk, engelsk, tysk, fransk, spansk og italiensk.
Sporlaus ferdsel
eMobility tilbyr morosame opplevingar ved å leige ut små, rare elektriske køyretøy i Ålesund.
For eMobility er det viktig å vere med på å utvikle og inspirere til ein grønare og meir miljøvennleg turisme.
Kvart år kjem hundretusenvis av turistar til området for å nyte naturen og utforske den vakre jugendbyen Ålesund og øyriket rundt. Dei kjem hit i små og store bilar, bussar, motorsyklar og båtar. Dette set spor etter seg.
eMobility tek miljøansvaret på alvor og ønskjer å bidra til at vi oppfyller visjonen om sporlaus ferdsel. Vi skal arbeide for ein grønare og meir omsorgsfull tankegang innanfor turistnæringa.
Når du vel å oppleve det populære turistmålet med ein elektrisk farkost, er du med på å utvikle ei grønare form for turisme som ikkje etterlet seg spor.
Og vi kan ha det moro på vegen mot eit grønare mål!
Her finn du oss
Garasjen til eMobility ligg i Sorenskriver Bulls gate, like ovanfor Quality Hotel Ålesund. På store cruisedagar held vi òg til på Storneskaia i Ålesund, der dei store turistbåtane legg til.
Det er ikkje store avstandar i sentrum, og vi hjelper deg med alt det praktiske når du leiger bil frå eMobility.
Dette er ein perfekt måte å utforske den vakre jugendbyen på!
Vilkår
Når du kjem til Ålesund, ventar både vi, Twizy-bilen og den vakre byen og områda rundt på deg. Hugs berre å ta med deg førarkortet ditt og eventyrlysta – og ver budd på ei annleis oppdagingsferd.